Gruppeforumet er ein møteplass på nettet der me kan utveksle tankar, gjere mindre avtalar, gi kvarandre tips m.m.
For at me ikkje skal bli "overfalt av uvedkomande", må dei som vil skriva innlegg vera registrert som medlem av forumet, (men du treng ikkje vera medlem i O-gruppa). Derfor må du først ha gjort følgjande:
1) Klikk på linken under
2) Klikk på "Søk om medlemskap i gruppen" (ute i høgre kant i skjermbildet du kjem inn i).
3) Dersom ikkje har ein Google konto (gratis), opprettar du då først ein slik ved å klikka på "Opprett en konto nå" og gi turvande info. Du vil då (etter ei stund) motta ein mail (til mailadressa du oppgav). Du opnar mailen og klikkar på ei lenke slik at kontoen blir aktivert. Når kontoen er aktivert, kan du gjenta punkt 2) over. 4) Etter at søknaden er sendt, vil det kanskje gå ein dag og to før du er "godkjent". Send ein SMS til Lars Harald dersom det hastar :-)
Når du har gjort punkta over, kan du logga inn i gruppeforumet og delta med Svar og Innlegg. Delta aktivt du og! :-)
Klikk her for å opna gruppeforumet!
Tips eller spørsmål - ring Lars Harald på 45411443. |