|
Nybyrjarkurs laurdag 8.oktober
Stord IL o-gruppa held kurs for vaksne med eller utan born, som ønskjer å læra meir om kart og kompass.
Stad: Vikahaugane sportsenter, Idrettstova Dato: 8. oktober 2011 Klokka: 13.00-15.00
Kven passar kurset for: Kurset er ope for alle som vil læra om orientering. Både dei som vil være med på konkurransar (som me har om tysdagane i sesongen) og turorientering.
Me ynskjer at born kjem i følgje med vaksne, då orientering tek tid å læra seg. Dei vaksne må kunne hjelpa borna, og som familieaktivitet er det kjekt at ein kan læra i lag. Born vil også vera avhengig av at vaksne køyrer dei til løp, difor tenkjer me det er viktig å rekruttera foreldre saman med borna. Born bør ha fylgje med vaksne i løpa fram til ca 9-10 års alder.
Kurset er også eit tilbod til vaksne i alle aldrar (ein vert aldri for gamal til orientering, eldste klassen er for 80-åringar!). Mange vaksne som likar friluftsliv kan kombinera dette med trim – i orientering får ein trimma både hjerne og kropp samstundes. Nemnas kan bedriftsorientering som både i Bergen og Haugesund er svært populært. Kan hende du kan få med deg kollegaer frå jobben og ta turen ut i løypa i lag, eller verta arge konkurrentar? Då kan de diskutera løypa i etterkant, da er noko alle o-løparar synes er kjekt J
Program: Del 1: Teoretisk innføring Del 2: Praktisk øving (klede ift vær!) Del 3: Oppsummering
Det vert servering av pizza og drikke. Kurset er gratis.
Påmelding med namn og alder, og om de har erfaring frå før, innan 6. oktober til Sveinung.Rykkje@sklbb.no Etter kurset vert det tilbod om fleire gate-o-løp med enkle løyper, for å trena kartlesing. Løparbrikker kan lånas gratis på desse løpa. Sjå også www.stordil.no/orientering og www.orientering.no.
Spørsmål kan og rettas til Sveinung.Rykkje@sklbb.no (nybyrjarkurset) eller arne.henrik.hovden@kvaerner.com (leiar av o-gruppa).
Velkomen! Rekrutteringsgruppa: Sveinung Rykkje, Arne Bjelland og Henrik Ottesen

Forfatter : Sveinung Rykkje
Oppdatert : 03/10/2011 |