Stord Idrettslag

Gratis foredrag med Per Sjøberg

Hans Aaserud Per Sjøberg

Hans Aaserud var ein aktiv mann både i idrettskrinsen i Hordaland og som ressurs i Stord Idrettslag. Han var svært idrettsinteressert og la ned mange dugnadstimar i ulike leiarverv, og som trenar for unge utøvarar.  Hans gjekk diverre bort i juni. Familien hans bestemte då at dei ville gje pengar som kom inn ved gravferda, til Stord IL.  Desse pengane ville dei at flest mogleg skulle få gleda av.

I det høvet har Stord IL ved Tore Hammer, invitert mental trenar Per Sjøberg til Stord og Vikahaugane for å snakka om temaet «Best når det gjeld». Per er fagansvarleg idrettspsykolog i Olympiatoppen Vest og han har blant anna arbeida med Sportsklubben Brann og enkeltutøverar på høgt prestasjonsnivå.

 

Når: Torsdag 23 november 

Tid: 16:30-17:30 

Sted: Auditoriet i Stord Idrettspark

 

Mentale dugleiker er viktig i idrettsleg samanheng, særleg i konkurransesituasjonen. Ein høyrer ofte om individuelle utøverar eller lag som fekk ein mental kollaps, ikkje var psykisk sterk nok, eller mangla motivasjon når det gjaldt som mest. No har du høve til å få høyre meir om korleis ein kan verta betre på mentale dugleiker.

Foredraget høver både for individuelle utøvarar og utøvarar som driv lagidrett og det er tenkt utøvarar frå 15 år og oppover til samt trenarar for alle aldersklassar.

Per Sjøberg vil i temaet «Best når det gjeld», snakke om:
• Tips og øvelsar for korleis trene mentale dugleiker
• Korleis takle stress og få ut sin beste versjon i konkurransesituasjonen?
• Korleis takle motgang og manglande motivasjon?

Meld frå til Bjørn Lindgård om kor mange som kjem i frå di treningsgruppe, innan 20 november. Mailadressen: bjorn@stordil.no