Hallar
NYEHALLEN (HALL A) |
Nyehallen i Sportssenteret vart bygd i 1995, og er storstova til Stord Idrettslag. Her finn du også administrasjonen, undervisningsrom og kafé. Det er plass til 2.000 tilskodarar på tribunen, og det er her elitekampane til Stord Handball vert arrangert. Dei siste åra har det også vore landskampar i bordtennis, handball og karate. Klikk her for kart |
GAMLEHALLEN (HALL B) |
Gamlehallen vart bygd allereie i 1964, og er den eldste hallen i Stord Idrettspark. Det er ein fin handballbane med parkettgolv. Her er lagt til rette for fire volleyball- og basketballbanar, i tillegg til kampbanar. Gamlehallen er Volleyball-gruppa sin hovedarena for trening og kamp. Det er seks garderobar som er knytta til denne hallen, og tribuneplass til 800 personar. Klikk her for kart |
RACKETHALLEN (HALL C) |
Rackethallen har ein tennisbane, bordtennis- og badmintonbanar, i tillegg til at også denne dekkjer krava til banestorleik for handball. Rackethallen inneheld også tre volleyballbanar. Her er også eige garderobeanlegg. Klikk her for kart |
TURNHALLEN |
Turnhallen ligg i forlenging av nyehallen og har frittståande matte 12x12 og turngrop. Hallen er godkjent som fylkesanlegg for turn. Klikk her for kart |
FRIIDRETTSBANEN |
Friidrettsbanen i nyehallen har 60 meters løpebane og lengdegrop. Golvet er av type pulastic SP, og er godkjent for bruk av piggsko. Klikk her for kart |
PRESTAGARDSSKOGEN FLEIRBRUKSHALL |
Hallen er Trott IL sin heimearena, men vert drifta av Stord Idrettspark. Hallen vert nytta til handballtrening- og kampar for dei yngste i Handballgruppa, samt til heimekampar for volleyballgruppa. Klikk her for kart |